Det populære turmålet Emberlandsnipen (271 moh) kan nåast frå fire kantar. Frå Emberland (på vestsida) og Sætre (på austsida) tek turen omlag 1/2 time på til dels bratt sti. Nordfrå, med start frå Stølen i Auklandshamn, tek turen 1 – 2 timar gjennom flatare skogs- og utmarksterreng med nokre våte parti. 

 

Stad: Emberlandsnipen, Auklandshamn Turkart: Sveio  (1 : 50 000) Start og sluttpunkt:  Alt. 1: Frå Sætre ved Langavatnet, ca 2,5 km frå E39 med avkøyring på Rød Alt. 2: Frå Stølen i Auklandshamn Alt. 3: Frå Emberland. Kjør mot Buavåg og ta av mot Åsbu/Emberland i kryss nord for ferjekaien. Hald til høgre der vegen deler seg. Stien startar frå gardstunet på Emberland.

 

Parkering:  Alt. 1 Sætre: Parkering ved badeplassen ved Langavatnet, ca 1 km nord for startpunktet. Alt. 2 Stølen: Parkering ved butikken eller skulen Alt. 3 Emberland: Ved vegen, før gardstunet. Det er ikkje tilrettelagt parkering her, så vis omsyn!

Merking: Informasjonstavle ved alle startpunkt. Skilta, men ikkje merka. Tydeleg sti. Gradering: Blå Høgdeskilnad: 45 - 271 moh.

Tidsbruk:  Alt. 1 og 3: 1 time t/r Alt. 2: 2 timar t/r

Sesong: Heile året Utstyr og påkledning: Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Ein del våte parti, spesielt på stien frå Stølen. Skilting: ​​Startpunkttavle med kart ved parkering. Pilskilt ved stiskille. Toppunktskilt.

 

Turskildring: Kortaste vegen opp er frå Sætre (alt. 1). Stien frå Sætre er lett å gå, med unnatak av den bratte ura like før toppen. Herfrå er det flott utsyn over heile Bømlafjorden, Førdebygda, Sveio, Stord, Tysnes, Folgefonna og regionen elles. Stien fra butikken eller skulen på Stølen (alt. 2) i Auklandshamn er lettare å gå, men er omtrent dobbelt så lang. I starten går turen forbi Tvillingtjødnane, og forbi Skartjødno og Skinntjødnane der ein på stille dagar kan sjå fisken vake. Det er òg fint å gå turen frå Emberland på motsett side av fjellet. Her må ein helst være lokalkjent for å finne fram til starten av  stien, som går gjennom eit gardstun.

Ved varden er det ein kasse der ein kan skriva namnet sitt i «Nipeboka» som Auklandshamn Idrettslag har lagt ut. 2. pinsedag kvart år arrangerer idrettslaget tur til toppen.

(Turskildring sist oppdatert 27.08.18.)

  • Trip Advisor logo

Hvor er Turløype Emberlandsnipen?

Fjord Norways sekundærlogo