Hopp til hovedinnhold

Frå det høgaste fjellet i Sveio, Trollavassnipen, ser du nesten frå Bergen til Stavanger på klåre dagar. Turen til toppen tek 1 – 2 timar i til dels bratte løyper.

Stad

Trollavassnipen i Valevåg

Turkart

Sveio  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Start frå Kleivo ungdomshus på Einstadbøvoll, ved Haugsgjerdelva på Tittelsnes eller frå Holsvika friområde. Stien frå Kleivo er mest brukt.

Parkering

Det er plass til å parkera ved alle startpunkta

Merking

Informasjonstavle ved alle startpunkt. Skilta og merka. Tydeleg sti.

Gradering

Blå.

Høgdeskilnad

40 – 432 moh.

Tidsbruk

2 - 3 t t/r

Sesong

Heile året

Utstyr og påkledning

Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Ein del våte parti.

Turskildring

Løypa frå Kleivo, som er mest brukt, går bratt opp gjennom skogen, rett bak ungdomshuset. Etter kvart flatar terrenget noko ut før stien igjen går bratt opp mot toppen. Her er det utsyn i alle retningar, mot øyane i Sunnhordland og innover mot fjella i Rosendal og Hardanger. Bruene i Trekantsambandet viser òg godt igjen.

Trodlamarsjen er ein familiemarsj som blir arrangert kvar Kristi Himmelfartsdag, med start frå Einstadbøvoll skule.

Skilting

Startpunkttavle med kart ved parkering. Pilskilt ved stiskille. Toppunktskilt.

Kontakt

Adresse:
  • 5554 Valevåg
Telefon:
+47 53 74 80 00
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Total stigning:
  • 392m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Turløype Trollavassnipen?