Stad
Rosendal
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start- og sluttpunkt
Rosendal fjordhotel
Parkering
Parkeringsplassen til venstre ved Rosendal fjordhotel
Merking
Turen vert skilta med enkle laminerte skilt.
Gradering
Grøn. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet.
Høgdeskilnad/lengd
0 – 90 moh. (3,1 km ein veg)
Tidsbruk
1,5 timar t/r
Gode råd
Turen går gjennom eit område der det kan vera beitande sauer og kyr på delar av turen. Hugs å lukka grindane etter deg!
Turomtale
Frå P-plass ved Rosendal Fjordhotel, kryssar du hovudvegen og følgjer skiltinga. Først på sti opp Svartedalen, så på grusveg til Skeie. Følg grusvegen til vegdele der du tek til venstre, og om litt til høgre på sti til Seglem. Vidare på gardsveg gjennom beiteområde.
Gode råd
Hugs å lukka grindane etter deg, det kan vera beitande sauer og kyr på deler av turen. Ei vandring langs den 2,5 km lange grusvegen frå Guddalstunet innover i Guddalsdalen er ei sjeldan fin oppleving. Guddalselva kjem direkte frå Folgefonna og er det lengste urørte vassdraget i Kvinnherad. Attende til Rosendal kan ein gå rundturen om Seimsfoss langs hovudvegen. Ved elva er eit mangfald av aktivitetar; elvepark, bygdemølle, forskingsstasjon, sportsfiske og storindustri.