Stad Åkra. Turkart Topografisk kart Norge 1: 50 000 Kvinnherad - blad 1214 1. Start- og sluttpunkt Skogsbilveg i Åkra. Parkering Ta til venstre rett etter Åkra bru. Køyr 500 meter til P-plass (nedre) ved starten på skogsbilvegen. Mot bompengar kan ein køyra den omlag 3 km lange skogsbilvegen inn i Åkradalen til 450 moh. P-plass (øvre) ved vegenden. Skilt til Åkrastølen. Merking Informasjonstavle ved nedre P-plass. Inga merking. Skogsbilveg, deretter god sti til Åkrastølen. Skogsvegen er eigna for rullestol. Gradering Frå nedre P-plass: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad Frå nedre P-plass 80 - 650 moh. Tidsbruk Frå nedre P-plass 5 timar t/r. Frå øvre P-plass 2 timar t/r. Gode råd Hugs bompengar. Lat att grindane. Frå stølen kan ein gå opp på høgdene i nord med utsyn til Nautavatnet og Ingahogg. Turen til Åkrastølen er og ein fin skitur. Turomtale Frå P-plass ved enden av skogsvegen følgjer ein tydeleg sti langs elva innover Åkradalen. Inne i dalen passerer ein Urene, der stien slyngjer seg mellom kampesteinar. Inst i dalen er ei lita trebru over elva, før Stølsbrekko. Oppe på kanten ligg Åkrastølen med tre stølshus. Dette er ein enkel familietur i eit vakkert dalføre med bekker og elvar, store steinar og den opne stølsvollen. Rullestol: Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Stien har ei stigning på 370 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Fordel med kraftig elektrisk ute rullestol.

Kontakt

Adresse:
  • 5499 Åkra
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Åkrastølen?

Fjord Norways sekundærlogo