Stad
Hatlestrand.

Turkart
Topografisk kart Norge 1: 50 000 blad 1215 II.
Strand-Ulv sitt orienteringskart over Hatlestrand.

Start- og sluttpunkt
Opplagsplass for tømmer ved Tveitane.

Parkering
Frå Gjermundshamn ferjekai 200 meter til vegkryss. Køyr 3,6 km mot Ølve/Tysnes til første veg inn til høgre ved Tveitane. Turskilt i vegkanten. Køyr 100 meter på skogsveg til opplagsplass for tømmer med plass for parkering.

Merking
Informasjonstavle ved start.
Skilta og T- merka.

Gradering
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
50 - 321 moh.

Tidsbruk
2,5 timar t/r.

Gode råd
Legg merke til kor uvanleg fint store deler av stien er steinsett.

Turomtale
Ruta startar på skogsveg opp frå P-plassen og går første delen gjennom verna edellauvskog, sjå skilt frå Fylkesmannen. Etter kvart i variert skogsterreng på tilgrodd skogsveg og god sti, før bratt til toppen. Flott utsikt til Kvinnheradfjella, Bjørnefjorden, Os, Stord og Folgefonna.

Kontakt

Adresse:
  • 5635
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Blånuten?