Hopp til hovedinnhold

Stad

Førde i Sveio kommune

Turkart

Sveio  (1 : 50.000)

Start og sluttpunkt

Ved Førde samfunnshus, Kaien eller Førde kyrkje.

Parkering

Ved Førde samfunnshus eller Førde kyrkje.

Merking

Startpunkttavle med kart ved samfunnshuset. Merka ved stiskille, tydeleg sti

Gradering

Grøn

Høgdeskilnad

230 m

Tidsbruk

Ca 1,5 time

Sesong

Heile året

Utstyr og påkledning

Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Nokre våte parti.

Turskildring

Start frå samfunnshuset eller Førde kyrkje.

Dersom du startar frå "Kaien" følgjer du først denne turskildringa til Førde kyrkje/Førde samfunnshus: Følg vegen frå Kaien oppover mot butikken. Ta til venstre på tursti skilta «Sidespranget» like før butikken. Etter brua kjem du inn på «Elvastien» - følg denne oppover langs elva og gå gjennom undergangen til Førde kyrkje.

Ved start frå kyrkja følgjer du gang- og sykkelsti opp til Samfunnshuset. Her er det startpunkttavle med informasjon om turen. Hald fram forbi bommen og følg skogsvegen. Der vegen svingar mot venstre, går det ein mindre skogsveg opp til høgre (skilta). Her er det greit å gå, men kan vere litt vått, spesielt på slutten av vegen før stigninga startar for alvor. Hald fram på bratt sti mot toppen. Innimellom er det nokre berg som kan vere glatte. Nokre stader er det fleire trasear, men alle fører til toppen.

Oppe på Dreng (277 moh) er det flott utsikt mot mellom anna Siggjo på Bømlo, Halsnøy og Vikebygd. Det står postkasse ved toppen med bok til å skriva seg inn i.

På returen kan du ta ein annan trasé ned når du kjem ned den brattaste bakken. Då går du til venstre ved skiltet, og følgjer merka sti nedover. Når nedstigninga er unnagjort, sving til høgre og følg skogsvegen) ned til Førde Kyrkje.

Skilting

Startpunkttavle med kart ved Førde samfunnshus.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • 5559 SVEIO
Telefon:
+47 53 74 80 00
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.sveio.kommune.no/

Fasiliteter

Total stigning:
  • 272m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
Underlag:
  • Sti
  • Asfalt
Terreng:
  • Skogsområde

Hvor er Tursti til Dreng?