Hopp til hovedinnhold

Stad

Nordrepollen, Mauranger.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

Ved vegdele mot Svartedalen, like før Markjelkevatnet.

Parkering

Frå Nordrepollen 12 km på godt sikra anleggsveg med fast dekke, til P-plass med informasjonstavle ved vegdele mot Svartedalen, like før Markjelkevatnet.

Merking

Informasjonstavle ved start.
T-merka med vardar og skilt.
Etter snørike vintrar går ruta delvis over store snøfonner som dekker merkinga. Gå i godver, og følg vardane som er oppsett på høge punkt.

Gradering

Svart. Krevjande, fem støvlar etter DNT systemet.

Høgdeskilnad

740 - 1464 moh.

Tidsbruk

8 timar t/r.

Gode råd

Veret skiftar raskt i høgfjellet ved brea, ta med klede for nedbør og kulde.
Dette er også ein flott skitur i mai/juni.

Turomtale

På anleggsveg 500 meter opp til Svartedalsdammen. Resten av turen går for det meste på fjellgrunn.

Hardingaskaret, over Austrepollen, er ein fin rasteplass. Her bør ein gå eit stykke ned i skaret og sjå utover. Det er mest utruleg at det har vore stølsveg opp her for hest og kyr. Herifrå kunne ein også ta seg over til Sørfjorden gjennom Kvitnadalen. Seinare vart det turistveg i Hardingaskaret og vidare til Hundsøyra, Holmaskjer og ned til Odda. Hardingaskaret var rasutsett, og frå 1860-talet overtok ridevegen frå Gjerde om Møsevatnet til Hundsøyra mesteparten av ferdsla. Frå 1890 vart "Keisarstien" frå Sunndal den mest brukte.
Hundsøyra ligg i brekanten og er markert med den største varden i området. Her er vidt utsyn i alle retningar. For dei som har erfaring med brekryssing, ligg Holmaskjer og nedgangen til Odda berre ein times tid unna.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5476 Mauranger
Telefon:
53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Ekspert (svart)
Terreng:
  • Fjellområde
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)

Hvor er Tursti til Hundsøyra frå Markjelke?