Stad: Omvikdalen.

Turkart: Folgefonna nasjonalpark.

Start og sluttpunkt: Hjelmeland ved Nistovetunet, historisk verna gardstun.

Parkering: Skilt ved fylkesvegen viser opp til parkering ved stor fellesfjøs Revuro .

Merking: Skilt og informasjonstavle ved P-plasssen. T-merka til Kviteggjo frå skilt ved vegenden ca 600 moh.

Gradering: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad: 100 - 660 moh.

Tidsbruk: 3 timar t/r.

Gode råd: Det meste av turen går etter god grusa skogsveg og elles i lett terreng, og høver godt både for unge og godt vaksne. Para- og hanggliding har funne eit eldorado i dette området.

Turomtale: Frå P-plassen fin oppstigning til enden av skogsvegen der terrenget flatar av ca 600 moh. Herfrå skilta og T-merka sti i nordleg lei, først over lita bru og vidare over høgda 660 moh. og litt ned mot vest til varde. Utsikt over bygder og fjord.  

Kontakt

Adresse:
  • 5464 Dimmelsvik
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Kviteggjo frå Omvikdalen?