Stad Rosendal

Turomtale Frå P-plassen på Fossberg 2 km langs gusveg til dalbotnen. Stien går opp Murabotnen og til høgre i stidele med Skeisfjell. Herfrå langs ryggen mellom Guddalsdalen og Hattebergsdalen ut til Malmangernuten. Utsyn til vassdrag og mektige fjellområde, bygder, fjordar og hav.

Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart. Start- og sluttpunkt Fossberg, ved inngangen til Hattebergsdalen. Parkering Kjør forbi Baroniet til P-plass på Fossberg ved inngangen til Hattebergsdalen. Merking Informasjonstavle ved P-plassen. Først på 2 km grusveg utan merking, deretter T-merka og skilta på sti opp Murabotnen. Gradering Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 150 – 890 moh. Tidsbruk 5 timar t/r. Gode råd Ved stor vassføring kan bekken i Murabotnen vera vanskeleg å passera. Noko bratt ovanfor bekken. Alternativ til retur same veg kan vera stien frå Malmangernuten direkte ned til Rosendal. Sjå rute Malmangernuten frå Rosendal.

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Hvor er Tursti til Malmangernuten frå Hattebergsdalen?