Stad Husnes

Turomtale Følg stien til venstre (nordaust) frå parkeringsplassen. Etter kvart bratt opp Onarheimslia til 600 moh. der lendet flatar ut før bratt opp til Mjelkhaug. Utsikt over store deler av Sunnhordland, med havet og fjorden mot sør og vest. Manen, Englafjell og Rosendalsfjella mot nord. Ulvanosa mot aust.

Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start og sluttpunkt Parkeringsplassen ved rv. 48 tvers overfor Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes. Parkering Ved rv. 48 tvers over for Hellandsbrua, ved informasjonstavle for Husnes. Farleg kryss, vis varsemd. Merking Informasjonstavle ved start. T-merka og skilta. Gradering Raud. Noko krevjande, fire støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 25 – 1005 moh. Tidsbruk 4 timar t/r. Gode råd Frå toppen bør ein ta turen bort til Mjelkhaugsteinen som ligg ca 300 meter aust for varden. Steinen er synlege frå havet og vart i gamle dagar nytta som seglingsmerke. Den er ca 12 m lang, 7 m brei og 7 m høg. Alternativ retur kan vera ned over Svaneheia til Vardhaugselet, og om Nordfjell attende til parkeringsplassen. Sjå også ruter frå Valen, bruk fantasien for å leggja opp rundturar.

Kontakt

Adresse:
  • 5460
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
tursti.kvinnherad.no/

Hvor er Tursti til Mjelkhaug frå Husnes?