Stad
Omvikdalen
Turkart
Folgefonna nasjonalpark.
Start og sluttpunkt
Ripel, der vegen frå Sandvikjo møter vegen frå Dimmelsvik.
Parkering
Ved Omvikdalen skule.
Merking
T-merka frå vegkryss ved Ripel der skilt og informasjonstavle er oppsett.
Gradering
Raud. Middels krevjande, tre støvlar etter DNT- systemet.
Høgdeskilnad
60 - 810 moh.
Tidsbruk
4 timar t/r.
Gode råd
Det er T-merka sti frå Nonshaug sørover til Tverrfjell. Sjå ruteomtale for Tverrfjell. Bruk fantasien for å planleggja interessante turar.
Turomtale
Frå P-plass ved Omvikdalen skule langs fylkesvegen sørover ca 200 m til vegkryss ved Ripel der ruta startar. Ein følgjer utmarksvegen og passerer to grindar opp til sving før vegenden ca 350 moh. Skilt til Nonshaug ved høgre vegkant viser inn på stien. Først ca 100 m gjennom granskog og vidare i opnare lende opp til Krukestøl, der garden Øvre Sandvik støla i gamal tid. Vidare opp til Nonshaug og steinvarde på austre topp mot Omvikdalen.
Vakker utsikt over den største jordbruksbygda i Kvinnherad.