Stad Rosendal.

Turomtale  Frå P-plassen ved kyrkja 500 m til Bjørke. Grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti opp lia til toppen frå siste svingen på skogsvegen. Den store varden på Navarhaug er oppsett til Rosendal Turnlag sitt 100 års jubileum i 2001. Herfrå er det 360 graders utsyn til fjell og dalar, hav og fjordlandskap, og verdast 3. lengste fjord: Hardangerfjorden.

Turkart  Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart. Start- og sluttpunkt  Bjørke. Parkering  Ved Kvinnherad kyrkje. Merking  Informasjonstavle er oppsett ved snuplass 50 meter før vegbommen på Bjørke. God grusveg utan merking 1,5 km til Åsvodl der vegen flatar ut. Herfrå T-merka og skilta. Gradering  Blå. Lett, ein støvel etter DNT-systemet. Høgdeskilnad  100 – 501 moh. Tidsbruk  2 timar t/r. Gode råd  Frå Navarhaug er det T-merka stiar til Vevik, Skjethaug/Neslia, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå t.d. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar.

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Tursti til Skålafjell (Navarhaug)?