Hopp til hovedinnhold

Stad Blådalen. Sørspissen av Folgefonna

Turomtale Bilturen frå Omvikdalen til Matrekrysset og vidare på god anleggsveg med fast dekke, er ei oppleving i seg sjølv. Det er Sunnhordland Kraftlag As (SKL) som har stått for utbygging av Blådalsvassdraget. Sjå informasjonstavler som er oppsette langs vegen. Stien går bratt opp lia frå P-plassen, før den tek ned og innover langs Blåelva. Sjå alternativ under "Gode råd" ovanfor. Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen. Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn. For å gå inn på breen må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei vandring i berga langs breen og elva. Her er mange flotte is- og bergformasjonar, og ikkje minst naturen sine gode lydar.

Turkart Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt P-plass 150 m før vegenden i Blådalen. Parkering Frå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. P-skilt er oppsett. Merking Informasjonstavle ved start. T-merka med vardar og skilt. Gradering Raud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad 720 - 900 moh. Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs. Tidsbruk 6 timar t/r. Gode råd Ved overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved Møsevassdammen. Sikringshytta i Kjerringbotnen er alltid open. Hengebrua ved Svelgen kan vera luftig for dei som reserverer seg ved høgder.

Kontakt

Adresse:
  • 5498 Matre
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
ut.no/turforslag/1112154450/tursti-til-svelgabreen-srspissen-av-folgefonna-fra-bladalen-kvinnherad

Fasiliteter

Avstand:
  • 13km
Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Terreng:
  • Isbre
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Tursti til Svelgabreen?