Hopp til hovedinnhold

Stad

Blådalen. Sørspissen av Folgefonna.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

P-plass 150 m før vegenden i Blådalen.

Parkering

Frå Rv 48 køyr opp Omvikdalen og følg skilting 25 km til P-plass 150 m før vegenden ved kraftstasjonen Blåfalli IV i Blådalen. P-skilt er oppsett.

Merking

Informasjonstavle ved start. T-merka med vardar og skilt.

Gradering

Raud. Middels krevjande, 3 støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

720 - 900 moh. Turen har lite høgdeskilnad frå P-plassen til sluttvarden, men er noko varierande opp og ned undervegs.

Tidsbruk

6 timar t/r.

Gode råd

Ved overløp frå Møsevatnet kan det vera vanskeleg å kryssa elva ned til Midtbotnvatnet. Gå då over brua ved Møsevassdammen. Sikringshytta i Kjerringbotnen er alltid open. Hengebrua ved Svelgen kan vera luftig for dei som reserverer seg ved høgder.

Turomtale

Bilturen frå Omvikdalen til Matrekrysset og vidare på god anleggsveg med fast dekke, er ei oppleving i seg sjølv. Det er Sunnhordland Kraftlag As (SKL) som har stått for utbygging av Blådalsvassdraget. Sjå informasjonstavler som er oppsette langs vegen. Stien går bratt opp lia frå P-plassen, før den tek ned og innover langs Blåelva. Sjå alternativ under "Gode råd" ovanfor. Turen langs Blåelva er ei vandring i mektig fjell- og vassdragsnatur. Gjennom irrgrøne beiteområde, langs sandbankar og blankskurt berg, før vi etter kvart møter den majestetiske isveggen.

Gjennom store breportar fløymer vatnet ut, til nytte for eit energikrevjande storsamfunn. For å gå inn på breen må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit fullgodt alternativ er ei vandring i berga langs breen og elva. Her er mange flotte is- og bergformasjonar, og ikkje minst naturen sine gode lydar.

Kontakt

Adresse:
  • 5498 Matre
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)
Total stigning:
  • 220m
Underlag:
  • Sti

Hvor er Tursti til Svelgabreen?