Hopp til hovedinnhold

Stad

Utåker.

Turkart

Folgefonna nasjonalpark.

Start- og sluttpunkt

"Ternebu" i Tveitedalen.

Parkering

Ved "Ternebu", skisenteret i Tveitedalen. Frå riksvegen tek ein av til Holmedal i vegkryss før nedkjøring til ferjekaien på Utåker. Ved nytt vegkryss etter 3 km går vegen 2,5 km nordover til skisenteret.

Merking

Informasjonstavle ved "Ternebu". Skilta og T-merka frå "Ternebu"

Gradering

Raud. Noko krevjande. Fire støvlar etter DNT- systemet.

Høgdeskilnad

200 – 1248 moh.

Tidsbruk

3,5 timar opp, litt mindre ned.

Gode råd

Mykje gange på grov stein krev gode sko. I den tida det ligg snøfonner på Høgetinden skal ein vera varsam med å bevega seg ut mot kanten, snøfonnene er ofte overhengande og kan rasa ut. Frå Høgetinden kan ein følgja merka rute ned til Uskedalen direkte, eller over Geitadalstinden. Sjå eigen turomtale.

Turomtale

Frå P-plassen følgjer du lysløypa (skogsveg) 1,2 km innover på høgre sida av Bakkastølsvatnet og deretter langs elva til inste brua. Ver nøye med å følgja lysrekka ved kryssande skogsvegar. Følg merkinga oppover under kraftlina og hald til venstre opp bakken. Frå enden av traktorvegen følgjer ein stien langs ryggen til stølshuset på Dyrrindo. Ta så til høgre opp bak hytta og følg T-merkinga.

Ved vegdelet, ca. 800 moh, kan du velje direkteruta mot toppen (sporadisk merka med små steinvardar) eller den T-merka ruta om Øktaredalsnuten med utsikt ned i Matersfjorden. Frå toppen er det storslått utsyn til Etne- og Kvinnheradfjella, Folgefonna, Hardangerfjorden og fjellområda mot Bergen. Dei bratte fjellsidene ned mot Uskedalen er eit attraktivt klatreområde med ruter av alle vanskegrader, i solid granitt.

Kontakt

Adresse:
  • 5453 Utåker
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Krevende (rød)

Hvor er Tursti til Ulvanosa frå Utåker?