Hopp til hovedinnhold

Sykkelturane er sett sammen for at du skal få oppleva det beste av Sognefjorden på ein tur.

Blant dei høge fjella, dei små idylliske bygdene og dei buldrande fossene har Fjord Cycling plukka ut det beste av overnatting og severdigheter. Tursykling med etapper på mellom 25 og 60 km passar for alle.

Rundt og ved Sognefjorden er vegane lettsykla og du rullar tett på og langs fjorden kvar dag – eller du kan klatre til fantastiske utsiktspunkt om du ynskjer ein meir krevande tur. Dagsturane byr i tillegg til den majestetiske naturen også på turistattraksjonar, unik kultur og lokale tradisjonar.

Du får utlevert Fjord Cycling sin gode Scott hybridsykkel på første hotell, eller du kan bruka din eigen. Hotella er reservert, bagasjen blir transportert og du kan nyta turane langs fjorden i vill og vakker natur.

Sykkelturane kan enkelt kombinerast med fjellturar om du ynskjer, eller andre aktivitetar langs fjorden. Fjord Cycling er lokalkjente og hjelper deg med dei beste anbefalingar.

Kom og opplev Sognefjorden på den beste måten – frå sykkelsetet, til fots eller i kombinasjon.

 

Viktig informasjon

Varighet: Frå 3 til 7 dagar

Pris: Vaksne (frå 12 år og oppover) frå kr 5400,- til 17 600,-

Anbefalte tidspunkt å sykle :

Mai til September.

Fruktblomstring i slutten av mai er spesielt anbefalt

Online bestilling: www.fjordcycling.no

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Hafslo
  • 6869 Hafslo
Telefon:
+47 98885415
E-post:
post@fjordcycling.no
Nettside:
fjordcycling.com/

Fasiliteter

Med guide:
Guiding tilgjengelig:
Parkering:
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Sykkeltur langs Sognefjorden – Fjord Cycling?