Hopp til hovedinnhold

Ulsteinbadet

I Ulsteinbadet finn du 25 metersbasseng, stup 1 m – 3 m – 5 m, vass-sklie, varmtbasseng, jacuzzi, barnebasseng, badstu og kafeteria.

På dagtid vert Ulsteinbadet nytta til skulebading, medan det er ope for offentlig bading på ettermiddag og helgar, samt morgonbading to dagar i veka. Tysdagar kl. 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert for damebading. 

Klivrehallen

Klivrehallen vert drifta i samarbeid med Klivrelaget. Her er det lagt til rette for at alle som vil drive med klatring i alle former og på alle nivå . Inne og ute, frå den heilt urøynde til den profesjonelle, frå buldring til tindebestigning. 

Idrettshallen

På dagtid vert Idrettshallen nytta til gymnastikktimar til skulane. Lag og organisasjonar kan nytte hallen på kveldstid, etter søknad. I helgane vert hallen leigd ut til idrettsarrangement, messer og andre arrangement. For meir informasjon, send oss ein epost. 

Biblioteket

Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen. Biblioteket er eit ledd i et biblioteknettverk som gjer det mogeleg å låne frå andre bibliotek over heile landet.

Turistinformasjon

Turistinformasjonen finn du saman med kafeen i andre etasje. Her kan du få gode tips til kva du kan oppleve i kommunen og nærområdet.

Kafe Midt i bygget finn du kafeen vår. Her kan du kjøpe billettar til Ulsteinbadet og Klivrehallen, noko å bite i og både varme og kalde drikker.

Vi har også ei lita avdeling med badeartiklar, samt turistinformasjon lokalisert ved kafeen. Du kan handle i kafeen både ved inngongen og inne i våtsona.

Velkommen til Ulstein Arena! 

Kontakt

Adresse:
  • Vikemyra 2
  • 6065 ULSTEINVIK
Telefon:
+47 47 30 13 32
E-post:
leif.ringstad@ulstein.kommune.no
Nettside:
www.ulsteinarena.no

Fasiliteter

Kafé:
Toalett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
WIFI/Internett:
Parkering:

Hvor er Ulstein Arena?