Hopp til hovedinnhold

Kyrkja var først bygd som kapell og bar namnet St. Nicolai Kapell. Ljosekrona med dei fem utskorne dyrehovuda er truleg frå middelalderen.

Kyrkja har 40 sitjeplassar og er ein av dei få kyrkjene i landet der ein står inne på kyrkjegolvet og ringjer med kyrkjeklokkene. På 1600-talet vart veggene dekormåla med rankar og det tønnekvelva taket med stjerner, figurar, fabeldyr og ulike symbolske teikn.

I 1722 var det ei større ombygging av kyrkja og i 1962 vart den restaurert. Fakta: Ei einskipa stavkyrkje. Svalegang er nemnt i 1665, men ikkje påvist. Spor i veggen visar at det har vore galleri i skipet, seinare også i tilbygget mot vest, det siste ved 1860-talet. Lysekrona med fem utskårne hjortehovuder, truleg frå middelalderen.

Kyrkja er open 18. mai - September Guida omvisning i kyrkja kvar dag kl. 11:30 og 17:00

200 kroner per person

Omvising for grupper også etter avtale utanom sesongen.

maxime@visitundredal.com

Kontakt

Adresse:
  • Hjøllavegen 4
  • 5746 Undredal
Telefon:
94050696
E-post:
maxime@visitundredal.com
Nettside:
www.stavechurch.com/undredal-stavkirke/

Hvor er Undredal Stavkyrkje?