UNESCO Denne eldste stavkyrkja i landet er den einaste i sitt slag på UNESCO si verdsarvliste. Ho står høgt og fritt med utsikt mot Lustrafjorden slik ho har stått sidan tidleg på 1100-talet. Men der den noverande kyrkja står er det funne spor etter etter ei anna kyrkje som skal vere bygd rundt 1050. Vikingtida Den særmerkte Urnes-stilen har namnet sitt frå Urnes stavkyrkje. Denne stilen er kjenneteikna ved flotte utskjeringar med svært høg kvalitet. Vi ser stiliserte dyr i kamp, med kroppane samanfiltra. Dette er ein utløpar frå stilartene i vikingtida slik vi også kjenner dei frå runesteinar i Sverige og på dei britiske øyar. Inne i kyrkja er stavane i midtrommet utsmykka med rikt dekorerte søylehovud. På garden ved sida av kyrkja (Urnes gard) er det kafeteria, der ein også til tider kan få kjøpt nyplukka frukt og bær frå dei frodige hagane på Urnes.
Arkitektur og kulturarv
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd kring 1130, men dei spesielle utskjeringane på nordportalen kjem frå ei enda eldre kyrkje.
Priser
- Fra:
- NOK 220
Kontakt
- Adresse:
- Ornes
- 6870 Ornes
- Telefon:
- 57 67 88 40
- E-post:
- urnes@stavechurch.com
- Nettside:
- www.stavechurch.com