Utne: Utne-Skorane-Setehaug

Startpunkt: Utne Hotel

Endepunkt: Setehaug

Parkering: ved Utne Kyrkje

Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Norheimsund i sommarhalvåret.

Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet ved Utne Hotel Gradering: Middels krevjande fottur.

Turlengd: ca 3 km.

Høgdeskilnad: 480 moh.

Tidsbruk: 1,5 time.

Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel eller på Hardanger Folkemuseum .

Turomtale: Turen går i bratt terreng til flott utsiktspunkt. Følg riksvegen frå Utne Hotel til fruktlageret i Sletthagen, vidare på skogsbilveg frå fruktlageret til bratt sti mot Setehaug.

Variasjon av denne løypa: Utne-Kvistbu (skytebane) –Setehaug. Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare på bratt sti som kryssar skogsbilvegen på veg mot Setehaug. Alternativt kan ein følgja skogsveg til Bjønndalen og deretter sti mot nordvest til ein kjem inn på løypa mot Setehaug.

Kontakt

Adresse:
  • 5778 Utne
Telefon:
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 3km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Utne-Setehaug?

Fjord Norways sekundærlogo