Hopp til hovedinnhold

Valen kapell

Opp gjennom historia har kapellet vore flytta fleire gonger og hatt ulike eigarar. Etter at Kong Fredrik den 4. selde kyrkja i 1723, skifta ho eigar ei rekkje gonger, før soknet vederlagsfritt fekk kyrkja si tilbake i 1830. I 1872 vart ho erstatta av ei ny og større kyrkje på Ulveraker, noverande Valestrand kyrkje. Kapellet vart rive i 1874 og bygd opp att som skule i Ørevik. I 1938 fekk Ørevik krins ny skule, og i 1940 vart gamleskulen riven og ført opp att som kapell på Valen.

Den verdskjende komponisten Fartein Valen (1887 – 1952) ligg gravlagt i det nordvestre hjørnet av gravplassen ved kapellet. På gravplassen finn me også gravene til foreldra til Fartein Valen, misjonsprest Arne Valen og kona Dorthea. Minnesteinen over han er reist av den norske komponistforeining med eit relieff av bilethoggaren Ottar Espeland.

I 2021 er det sett opp minnestøtte over dei sju borna som drukna i Storavatnet på Mjånes i 1870.

Kontakt

Adresse:
  • 5554 VALEVÅG
Telefon:
+47 53 74 84 20
E-post:
postmottak@sveio.kommune.no
Nettside:
www.sveiokyrkja.no/

Hvor er Valen kapell?