Hopp til hovedinnhold

Ruta er ikkje innteikna på kartet. Det er difor viktig å finne og følgje raud T-merking og vardar. Det er lettast å parkere på Høyheimsvik og følgje gardsvegen opp til det høgstliggjande bruket på Høyheim. Bilvegen vert her avløyst av ein traktorveg opp gjennom skogen. Ta av ved skilt som viser Navarsete og raud T-merking vidare. Merkinga fører forbi vårstølen Kolstad på nordsida. Nyt utsynet frå toppen! Forbi stølane på Flatningane er det merkt på aust- og nordsida. Deretter går stien nesten flatt rundt ein fjellrygg ned til brua over elva ved Navarsete.

Returen kan gjerast same vegen - eller ha avtale om å bli henta
med bil i Engjedalen. Det tek berre knappe halvtimen frå Navarsete til bilveg.

Kontakt

Adresse:
  • Fv55 2627
  • 6875 Høyheimsvik
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Vandretur -Høyheimsvik - Navarsete?