Hopp til hovedinnhold

Brekkefossen fossevandring

Turen startar frå Flåm sentrum, kor ein går eit stykkje på asfaltert veg opp dalen, langs Flåmselva. Etter 1,5 km lett gange, fortset me oppover til Brekkefossen utkikkspunkt. Den steinete og bratte stien gir raskt høgde og snart er den vetle bygda Flåm synleg mellom trea. Etter ca 30 minuttar oppoverbakke, opnar stien seg opp på ein graskledd avsats og tilbyr vakker utsikt over området. Bli med for å få ei unik innsikt i den lokale kulturen, historia og livet ved fjorden!

Kva kan du forvente?

- Ei personleg guida oppleving pakka med historie, forteljingar og lokal kunnskap

- Lokal tur opp til ein foss med utsikt over Flåm og fjorden.

- Lær om historia til området vårt mellom fjell og fjord.

Kva bør ein ha på seg/med seg?

- Gode tursko og turklede

- Vatnflaske Ein treng ikkje erfaring med vandring, men litt kondisjon for å gå stien og trappane opp til fossen.

Turlengde: 2,5 - 3 timar

Veibeskrivelse: Denne turen er totalt 5 km lang (tur-retur Flåm senter). Total høgdeforskjell er kring 155m.

Oppmøte: 10 minutt før avgang i FjordSafari resepsjon (Flåm indre hamn).

Barn: Anbefalt frå 6 år.

Bestill din tur her

  • Facebook logo

Priser

Fra:
NOK 525

Kontakt

Adresse:
  • Flåm Hamn
  • 5743 Flåm
Telefon:
99090860
E-post:
post@fjordsafari.com
Nettside:
no.fjordsafari.com/customized-tours/brekkefossen-hike

Hvor er Vandretur til Brekkefossen