Startpunkt

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 5,0 km ta av mot venstre, skilta Molve. Etter 160 m (etter ei bru), ta mot høgre. Etter 700 m, ta til venstre på grusveg. Etter ca. 100 m kjem du til ei grind og du må betale avgift for å køyre denne vegen med bil. God grusveg vidare (2,8 km) til god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Ved Vassenden finn du ei infotavle for turane i området. Gå opp ca. 20 m. Her er det skilta Stuasete og Knutstøl. Gå mot Stuasete, langs Vassendevatnet, over myrar og opp til stølen Stuasete. Her er det skilta til Dåren og Vatnasete. Gå mot Dåren. Opp til Dåren er det til dels bratt. Endepunktet på turen er ved ein stor stein på høgdedraget. Frå Dåren kan du gå vidare på merka rute ned til Botsvatnet, eller på umerka rute til Jonstein, eller ein rundtur på umerka rute til Knutstøl.

Parkering: Sjå under "startpunkt" Parkeringsavgift: gratis, men avgift for å køyre grusvegen opp til parkeringa  Lengde: 3,5 km Total gangtid: 4 timar  Sesong: Mai - November 

Vanskegrad/gradering: ​​​​​​​Blå, middels

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 7km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Vassenden - Dåren?

Fjord Norways sekundærlogo