Hopp til hovedinnhold

Velkomen til badstova på Vandrarheimen!

Badstova er vedfyrt og har plass til maks 10 personer i slengen. Badstova kan bookast for privat grupper frå 6-10 personer eller du kan komma på drop-in på utvalgte dagar. På drop-in bruker ein badstova saman med andre.

Pris for drop-in er kr 150 per time. Klippekort er også tilgjengeleg på 10 klipp (drop-in) til kr 1200. Du kan sikre deg plass på drop-in ved å ringe på førehand, eller du kan stikke innom spontant for å sjå om det er ledig plass.

Drop-in er tilgjengeleg kvar fredag og måndag frå kl 16.30-17.30 og 17.30-18.30, som god start og god avsluttning på arbeidsveka.

Ved ynskje kan drop-in morgonbadstu også arrangerast - ta kontakt.

Fram til 1. juni er prisen for 1 time og 20 min, kr 900 for opp til 6 personer, og så kr 150 per person i tillegg, opp til 10 personer.

Ring Voss Vandrarheim på 97593888 eller send ei epost, seinast dagen før, for å bestille.

Viktig å vite;
- Det er ikkje dusj/garderobe ved badstova, men de kan bruke dette dusj og toalett inne i fellesareal. Til sommaren blir det satt opp enkel utedusj.
-Bruk badedrakt/bikini og ha alltid med eit handkle å sitte på. Ha gjerne med 2 handkle slik at du har eit å tørke deg med.
-Barn skal vera under oppsyn av ei vaksen.
-Drikk vatn for å unngå dehydrering.
-Du kan nyte moderate mengder alkohol som er kjøpt i resepsjonen på Vandrarheimen, medbragt alkohol er ikkje tillatt. Det er, som på øvrig serveringsområde, ikkje alkoholservering til gjester som er åpenbart berusa. Berusa gjester vil bli vist vekk.
-Glassflasker og glass-glas er ikkje tillatt i badstova.
-Skyll føtene i vatn-balja som står utafor badstova føre du går inn.
-Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører badstova ved bruk.
-Vis respekt for andre gjester.

Hjarteleg velkomen til bading!

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Peter Bondesveg 40
  • 5704
  • Voss
Telefon:
+47 97593888
E-post:
booking@vosshostel.com
Nettside:
vosshostel.com/

Hvor er Vedfyrt Badstove på Voss Vandrarheim?