Hopp til hovedinnhold

På Vestnorsk utvandringssenter finn du fleire bygningar som vart reist i Amerika av norskamerikanarar, demontert på dugnad, og flytta til Sletta på Radøy i Nordhordland.

Til saman utgjer dette ein heil prærielandsby av originale amerikanske bygningar, med nybyggjarstove, lærarbustad, skulestove, legekontor, rådhus med fengsel og ei kyrkje.

Ca. 1 times køyretur frå Bergen.

Her finn du:

•  Omvisingar og utstillingar •  Events og arrangement •  Konsertar •  Gruppeaktivitetar •  Emigranten kafé og museumsbutikk ​​​​​​​•  Kulturløype ​​​​​​​•  Oppgåveløype for barn ​​​​​•  Sykkelutleige ​​​​​​​•  Utvandringsfestival i månadsskiftet juni/juli (helga nærast 4. juli)

Vi tek i mot grupper heile året etter avtale

På Vestnorsk utvandringssenter lærer du om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som det trekkast parallellar til kulturmøte i vår tid. Arbeidsinnvandrar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn, men i hjarta sine har dei sitt eiga heimland. I tillegg til ordinære omvisingar i sommarsesongen arrangerer Museumssenteret ulike event heile året igjennom, med hovudfokus på formidlinga om utvandringa til Amerika.

HISTORIA

Vestnorsk utvandringssenter er ein ekte norskamerikansk liten landsby, som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle bygningane er reist av norskamerikanarar i Minnesota og Dakota i perioden frå 1860-1920, kor dei var i bruk i mange år. Tida endra seg, og mot slutten av 1900-talet stod bygningane tomme. I tidsrommet 1996 til 2003 vart dei gjevne som gåver tilbake til Noreg. Bygningane vart plukka frå kvarandre på dugnad og sendt med skip over Atlanteren, kor dei vart reist opp att på Sletta.

Ideen, initiativet og strategien bak etableringa og framveksten av Vestnorsk Utvandringssenter vart utvikla av Asbjørn Ystebø under eit opphald i USA vinteren 1992/1993. Utvandringssenteret vaks fram som ei forlenging av Ystebø sitt arbeid om minnesmerket over dei utstøytte kvekarane i Røldal. Årsaka til at Utvandringssenteret hamna på Sletta var styrt av at Sletta-bygda tok imot utfordringa. Bygda vart engasjert, og dermed vart lokaliseringa klår. Sletta er ei typisk emigrantbygd, med kulissar av mange, enno ståande Amerikagardar. Entusiasmen på Sletta førte til at Utvandringssenteret vart etablert som eit unikt dugnadsprosjekt, på "a shoe-string– budget", stort sett på utsida av det byråkratiske og politiske apparatet.

I 2010 vart drifta av Vestnorsk Utvandringssenter overtatt av Museumssenteret i Hordaland, som vil vise og fortelje kva folk reiste frå i Noreg, og kva dei reiste til i Amerika. Sjølv om dei berre hadde nokre få gjenstandar med seg i ein amerikakoffert, var likevel den norske kulturen med på flyttelasset.

Tider

Fra 12. mai til 24. juni

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
11:00–15:00

Fra 25. juni til 25. august

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
11:00–15:00
Onsdag:
11:00–15:00
Torsdag:
11:00–15:00
Fredag:
Stengt
Lørdag:
Stengt
Søndag:
11:00–15:00

Kontakt

Adresse:
  • 5939 Sletta
Telefon:
55 25 10 80
E-post:
vestnorsk.utvandringssenter@muho.no
Nettside:
muho.no/vestnorskutvandringssenter

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Vestnorsk Utvandringssenter - Museumssenteret i Hordaland?