Startpunkt Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 1,2 km vidare. Ta til venstre mot Stølheim. Etter 0,4 km må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Der er det også informasjonstavle for turane i området. Ca. 2 km frå hovudvegen kjem du til god parkeringsplass, rett før Vetlavatnet. Parkering på eige ansvar.

Om turen Frå parkeringsplassen, gå grusvegen mot Fjelltveit, til eit retningsskilt der du tar til venstre over ei bru, og vidare i litt myrlendt skogsterreng til du kjem til Vassvikane. Her er det skilta til Fjelltveit. (I dette stikrysset kan du gå ned mot Torsnes). Vidare går du i god sti langs Torsnesvatnet gjennom frodig skog og steinurer, fram til stølen Fjelltveit. (Her kan du også gå mot Glomsdalsskardet). Følg skiltet mot Breidsete, opp til Torsnesmyrane. Stien går langs kanten av myrane, vekselvis i skog og myrlendt terreng. Du må over ei lita elv, og ved snøsmelting og mykje nedbør kan det vera vanskeleg å koma tørrskodd over. Ved enden av Torsnesmyrane kjem du til eit stikryss. (I dette stikrysset kan du gå mot Fjellstøl). Gå mot Breidsete. Etter kort tid ser du stølen. Stien går ned og over ei bru, og opp 100 m til endepunktet på bilvegen. Breidsete har informasjonstavle for turar med start- eller sluttpunkt der.

Parkering: Sjå "startpunkt" Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre til parkeringa.  Lengde: 6,2km Total gangtid: 5 timar Sesong: mai - november  Vanskegrad/gradering: Blå, middels 

Kontakt

Adresse:
  • 5627 Jondal
Telefon:
+47 480 70 777
E-post:
turist@ullensvang.kommune.no
Nettside:

Fasiliteter

Avstand:
  • 12.5km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Høst
  • Sommer

Hvor er Vetlavatnet - Breidsete?

Fjord Norways sekundærlogo