Hopp til hovedinnhold

Tek du nordover frå startpunktskiltet kan du følgje god og kort sti til Vigdalstølen, der DNT har overnattingshytte. Frå Vigdalstøl kan du gå vidare mot Dalsdalen ved å krysse bru over elva og følgje den T-merka stien sørover forbi Breidsete og under Storhaug. Ta av mot aust i krysset kor du møter stien mellom Vigdalen og Dalsdalen. Frå Vigdalstølen kan du også gå til Fast, som ligg ein dagsmarsj unna.

Vegen mellom Vigdal og Dalsdalen var tidlegare den viktigaste tilkomstvegen til Jostedalen og kortaste vegen mellom Jostedalen og Lustrafjorden. Vigdalen tilhøyrde tidlegare Dale sokn, og dette var vegen folk gjekk til kyrkje. Denne vegen er kalla Bispevegen etter at biskop Johan Nordal Brun reiste her då han var i Jostedalen på bispevisitas. Årstal og førebokstavane til bispen er hogne inn i berget nedunder Storhaug. 

 

Frå Vigdalen har du også andre flotte turalternativ som du er velkommen til å gå. Men ver venleg å ikkje parker bilen din framfor grindane ved feristene. Du stengjer då vegen for dei som har husdyr i dalen.

 

 

Kontakt

Adresse:
  • Vigdalen 572
  • 6868 Gaupne
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:
ut.no/turforslag/118365/bispevegen-mellom-vigdalen-og-dalsdalen

Hvor er Vigdalen - Vigdalstøl?