Hopp til hovedinnhold

Stad

Åkra.

Turkart

Topografisk kart Norge 1: 50 000 Kvinnherad - blad 1214 1.

Start- og sluttpunkt

Skogsbilveg på Vika.

Parkering

Ta til venstre i fyrste vegdele, 50 meter før Åkra bru. Køyr 500 meter og ta til venstre ved postkassestativ med skilt til Vikastølen. P-plass (nedre) ved grinda i starten på skogsbilvegen. Parkeringsavgift. Mot bompengar kan ein køyra den 3 km lange skogsbilvegen til 400 moh. P-plass (øvre) ved vegenden rett etter bru. Skilt til Vikastølen.

Merking

Informasjonstavle ved nedre P-plass. Inga merking langs skogsvegen. T-merka frå øvre P-plass. Skogsvegen er eigna for rullestol.

Gradering

Frå nedre P-plass: Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad

Frå nedre P-plass 100 - 600 moh.

Tidsbruk

Frå nedre P-plass 4 timar t/r. Frå øvre P-plass 2 timar t/r.

Gode råd

Hugs bompengar. Lat att grindane. Eit alternativ kan vera å følgja stien vidare langs vestsida av Børsstølsvatnet til Fjellhaugen Skisenter. Turen til Vikastølen er og ein fin skitur.

Turomtale

Frå P-plass ved enden av skogsvegen er det god og tydeleg sti i lett terreng ca 2,5 km nordover til Vikastølen. Stien følgjer stort sett kraftlina. Under Stølshaugen er det eit stidele. Til høgre mot Vasstølen eller rett fram mot Vikastølen. Like sør for Stølsvatnet kryssar ein elva på ei enkel bru. Dette er ein opplevingsrik tur for små og store, i nærkontakt med det vakre kulturlandskapet i Åkrabygda med tilhøyrande utmarks- og fjellområde. Rullestol: Skogbilvegen er godt eigna for elektrisk uterullestol, og har fast grusdekke. Ved øvre parkeringsplass går skogbilvegen over til sti. Stien har ei stigning på 300 høgdemeter på 3 km, og har enkelte bratte parti. Fordel med kraftig elektrisk ute rullestol.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5499 Åkra
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Total stigning:
  • 531m
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Avstand:
  • 9.8km
Varighet:
  • Dagstur (4-12t)
Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Innsjø
  • Fjellområde
  • Skogsområde

Hvor er Tursti til Vikastølen?