Hopp til hovedinnhold

Vilneskyrkja på Atløy er ei vakker middelalderkyrkje i tre frå 1674, og er den eldste trekyrkja i Sunnfjord. Ein reknar med at Vilnes var offerstad i eldre tid. Tre store bautasteinar like ved kyrkja kan ha vore brukte i ein slik samanheng.

Det går ei segn om bautasteinane: Jorunn i Alden skulle gifte seg i Vilneskyrkja. Då skal trolla Trond i Alden, Sjur i Atløynipa og Mass i Einingsfjellet ha kasta store hellesteinar for å knuse kyrkja. Men steinane trefte ikkje og vart ståande i marka vest for kyrkja. Det er eit merkeleg fenomen at dei tre bautasteinane saman med kyrkja dannar eit krossmerke. Det står også ein forholdsvis liten steinkross ved kyrkja på Vilnes. Denne kjem frå steinbrota i Hyllestad.

Kontakt: Kyrkjeverje Rune Ziene tlf: +47 918 74 724.

Hvor er Vilnes kyrkje?