Turen går frå Flåm og tek deg inn den imponerande Nærøyfjorden. Undervegs vert det fleire stopp der guiden fortel om det rike dyrelivet i området, den særeigne naturen og kulturhistoria til dei små bygdene og gardane me passerer. Fossane har frose til is, fjorden er blank og snøen ligg som glasur på dei bratte fjella. Me snur ved Styvi og på vegen tilbake frå Nærøyfjorden går me i land i Undredal.  Bygda ligg idyllisk til nede ved fjorden, omringa av høge fjell.

I Undredal går me opp i den vesle nærbutikken der me blir tekne imot av vår loka vert som gir oss noko varmt å drikka og fortel om korleis det er å bu i denne vesle bygda. Undredal er kjent for sin gode geitost og her kan du både få smaka og kjøpa med deg den lokale geitosten.

Bekledning og utstyr: Du får utdelt flytedrakter, luer, vottar, briller og overtrekk sko. Me gjer deg merksam på at du må kle deg godt med ull eller fleece og ha varme og komfortable sko på. Dersom du ikkje er godt nok kledd får du tilbodet om å låna ekstra bekledning for at du skal få ein god og komfortabel oppleving.  

Anbefalt aldersgrense er 6 år. 

Varigheit: 2,5 time

November - Mars: kl 11:45 (Oppmøte og påkledning 30 minutter før avgang!)

Pris: Vaksne kr 840,- og kr. 640,- for barn.  

Online Booking: www.fjordsafari.com

 

 

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Priser

Fra:
NOK 490

Kontakt

Adresse:
  • Stasjonsvegen
  • 5743 Flåm
Telefon:
57633323
E-post:
post@fjordsafari.com
Nettside:
www.fjordsafari.no/aktivitetar/vinter/vinter-fjordsafari

Fasiliteter

Sesong:
  • Vinter

Hvor er Vinter FjordSafari?