Hopp til hovedinnhold

Her kan du i lag med Snøsikker oppleve fronten av Nigardsbreen med ski eller truger på beina, og ligg forholda til rette, utforske dei magiske blåisgrottene. Dei tilbyr også føring slik at du trygt og enkelt finn dei beste forholda for skikøyring.

Norgesguidene tilbyr skiføring, skredkurs og toppturkurs og skreddarsyr opplegg for små grupper. Jostedalen er nemleg ei laussnøperle med kort veg mellom skitoppane.

Breheimsenteret tek deg med på trugeturar der du får meir kunnskap om breen og får høyre dei dramatiske historiene frå brebygda. Dette er ei fin oppleving for heile familien med bålkos og snøleik.

Overnatting: 

Jostedal Hotell tilbyr overnatting og her kan du nyte nydelege, heimelaga rettar etter ein lang dag på tur. I dei trivelege hyttene på Jostedal Camping bur du godt, og dette er eit utmerka utgangspunkt for vinteraktivitetane i dalen.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Brevegen 8
  • 6871 Jostedal
Telefon:
57683250
E-post:
jostedal@jostedal.com
Nettside:
www.jostedal.com/

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Vinter i Jostedalen?