Hopp til hovedinnhold
Bestill

Det manglar ikkje på flotte attraksjonar i Hardanger. Dei er som regel mest populære om sommaren, men dei er minst like spektakulære også på vinterstid. Bli med Trolltunga Active på ein guida vintertur til Husedalen - også kjent som Fossanes dal.

Denne turen er kjent som blant dei finaste i Noreg. Her møter du fire fossar, som perler på ei snor, langs stien frå Kinsarvik og opp mot Hardangervidda Nasjonalpark. Ikkje bli overraska om turen og dei magiske fossane, dekt av blå is, tek pusten frå deg!

Avhengig av forholda, vil du på deler av turen, i nokre tilfelle heile turen, gå på truger.

Priser

Pris:
NOK 1 450

Kontakt

Adresse:
  • Husemoen 44
  • 5780 Kinsarvik
Telefon:
+47 400 04 486
E-post:
mail@trolltunga-active.com
Nettside:
www.trolltunga-active.com/

Fasiliteter

Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Sesong:
  • Vinter

Hvor er Vintertur til Husedalen - Trolltunga Active