Hopp til hovedinnhold
Bestill

På Voss Bowling finn du aktivitetar for heile familen! I tillegg til bowling kan du koma hit for å leike i vårt leikeland, ta deg ein matbit, spele biljard eller eit anna spel, eller berre vera sosial i lag med vener.

Bowling:
Voss Bowling har 8 bowlingbaner der du kan spela med familien, vener eller kollegaer. Me har også tilbod om bedriftsbowling og seniorbowling.

Leikeland:
Me har også eit leikeland - Leikegrenda! 300 kvadratmeter med moro for både små og store ungar. Her kan borna springa rundt i mange timar. Leikelandet er for dei mellom 1-12 år, og born under 10 år må ha med seg ein vaksen. NB! Leikegrenda stengjer klokka 19:00 kvar dag.

Mat og drikke:
Voss Bowling har eit stort utval av mat og drikke, og på menyen finn du mellom anna burger, pølse, pizza, snacks og søtsaker.

Bursdagsfeiring:
Feir bursdagen din hjå oss! Voss Bowling tilbyr bursdagsfeiring med bowling eller leik i Leikegrenda, og pølse eller pizza til mat. Me har også eit eige bursdagsrom, og bursdagsbarnet får ei overrasking.

Biljard og dart:
Voss Bowling har også to biljardbord og to dart-maskiner i lokalet.

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Vossabygg 5
    • 5700
    • Voss
    Telefon:
    +47 45375154
    E-post:
    post@vossbowling.no
    Nettside:
    www.vossbowling.no

    Hvor er Voss Bowling og Leikeland?