Hopp til hovedinnhold

Vossabygda har rike og lange tradisjonar for ølbrygging.

Voss Fellesbryggeri:
Voss Fellesbryggeri spelar på tradisjonar, men også leikenheita og humoren som vossingen har i seg. Øla er brygga av lokale ølentusiaster som ynskjer å bygga vidare på dei rike mat- og drikketradisjonane på Voss og derikring. Ambisjonen er å gjera godt kvalitetsøl tilgjengeleg for folk over heile landet. Alt ølet vert brygga på kveik. Kveik er ein ølkultur (les: ølgjær, gjærsopp) som har svært lange tradisjonar på Voss og gir ølet ein unik og frisk smak.

Voss Bryggeri:
Ølet er inspirert av moderne amerikansk og europeisk handverksøl og av gamle heimebryggtradisjoner frå Voss. Resultatet vert friske humlerike øl med innslag av lokal gjær (kveik) og einer og øl kokt i koparkjele med urter, bær og blomar frå fjella som omgjev oss.

Vårt øl skal ikkje gjera verda til ein betre stad, det skal berre verka slik.

Voss Fellesbryggeri sine varer finn du over heile landet på Meny, Spar, Eurospar og Joker, samt Coop Hordaland og andre utsal for handverksbrygg og anna kvalitetsøl. Det er også utsal frå bryggeriet på Voss (Kyte) og på fleire lokale restaurantar og pubar.

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Brynalii 102
  • 5705
Telefon:
E-post:
voss@fellesbryggeri.no
Nettside:
fellesbryggeri.squarespace.com/

Hvor er Voss Fellesbryggeri og Voss Bryggeri