Hopp til hovedinnhold
Bestill

Museet har tre gardstun, som alle står på sine opphavlege plassar – Mølstertunet, Nesheimstunet og Oppheim gamle prestegard. I alt eig museet om lag 40 antikvariske bygningar. På Mølster ligg òg samlingsbygget, med faste og skiftande utstillingar. Dagestadmuseet, som ligg på andre sida av Vossevangen, viser arbeid av treskjeraren Magnus Dagestad.

Voss folkemuseum har i overkant av 20 000 gjenstandar. Det aller meste av dette er gjenstandar knytt til den lokale bondekulturen, slik han var fram til rundt 1900. Til samlingane høyrer òg eit innhaldsrikt bibliotek, fleire lokale arkiv, og rundt 70 000 fotografi.

Voss folkemuseum vart skipa i 1917, og har sidan 2008 vore ein del av Hardanger og Voss museum.

Mølstertunet
Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928. Tunet gjev oss eit godt innblikk i den lokale byggeskikken, og fortel mykje om korleis folk levde i eldre tider. Garden har i fleire hundre år vore delt mellom to brukarar. To familiar dreiv gard i det same tunet, og her er i alt 18 hus. Det eldste huset på tunet er truleg frå tidleg 1500-tal, dei yngste frå 1870-åra.Mølstertunet vart freda i 1923, og vart offisielt opna som museum i 1928.

Ei ny basisutstilling, Utsyn mot Voss, stod klar til sommarsesongen 2021. Utstillinga fortel historia til Voss dei siste 500 åra.

Her har me kafè med gulrotkake, nysteikte lappar og museumsbutikk.

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Mølstervegen 143
    • 5700
    • Voss
    Telefon:
    +47 47479794
    E-post:
    voss.folkemuseum@hvm.museum.no
    Nettside:
    vossfolkemuseum.no/

    Hvor er Voss folkemuseum?