Hopp til hovedinnhold
Bestill

VossVind er Noregs fyrste vertikale, resirkulerande vindtunnel. Her kan du oppleva å fly i trygge og kontrollerte omgjevnader, og dette er ein spennande aktivitet som passar for alle aldrar! Nedre aldersgrense er 5 år, og den eldste som har flydd i vindtunellen er 100 år. VossVind er ope heile året.

NB! Oppmøte 40min før oppsatt flytid for instruksjon og utdeling av utstyr

Med ein grunnpakke på 3 minutt, får du to runder med flyging inne i tunnelen på 1,5 minutt. Du får også instruksjon i førekant, leige av utstyr og ein instruktør som er med deg heile tida inne i tunnelen. Tilgjengelig kvar dag

Garantert ei minnerik oppleving!

Tilgjengelighet:
Vi legg til rette for dei fleste funksjonsutfordringar. Vi har hatt svaksynte, blinde, og døve som har flydd med oss. Tidlegare pasientar med kreft og MS som har godt nok overskot og god dagsform har også hatt gode fly-opplevelser med oss.

Vi har hatt besøk av folk med proteser/amputasjoner i tillegg til ein heil del andre nedsette funksjonsevner. Dersom det er personar med større utfordringer assisterer vi gjerne med to instruktører for å kunne gje dei ein smakebit av å fly vektlaust.

Vi ber alle med skulder, nakke og ryggskade ta kontakt med oss. I hovedsak er det personer som har hatt skulder ut av ledd og problemer med det som blir frabedt å fly, då desse enkelt kan gå ut på nytt (grunna posisjonen ein ligger i).

Kilde: Visit Voss

Kontakt

Adresse:
  • Oberst Bulls veg
  • 5705
  • Voss
Telefon:
+47 40105999
E-post:
post@vossvind.no
Nettside:
www.vossvind.no

Hvor er Voss Vind?