Hopp til hovedinnhold

Kom til Eidfjord, kombiner jobbedagen framfor laptopen med aktivitetar i vår fantastiske natur!

Sjekk inn på eit behageleg rom med skrivebord og god kontorstol, trådlaust nett og tilgang til skrivar. Treng du meir i kontorkvardagen? Gjer dagen din fleksibel. Ta deg ein tur til fjells når du treng det. Pust inn den friske, kalde lufta og ta innover deg det gode lyset. Knyt på deg fjellskoa eller ta på ski og gå ein tur eller meld deg på til ein spennande fjordsafari med RIB. Du bestemmer. Kjenn at ideane strøymer på og du igjen er klar for ei ny, produktiv arbeidsøkt.   Arbeidstida bestemmer du sjølv. Er vêrmeldinga bra ein dag, så kan du ta fri nokre timar og gjere det du likar best. Gå tur, bade, padle eller sitje midt i naturen og nyte utsikta. Så kan du heller jobbe litt ekstra ein annan dag. «Ute til lunsj» får ein annan dimensjon når du kan sitje ved Eidfjordvatnet, på Kjeåsen, ved Vøringsfossen eller midt på Hardangervidda og ete lunsjen din.  Skap ein god balanse mellom arbeid og fritid, så blir det mindre stress og sjukefråvær på arbeidsplassen din.  ​​​​Me anbefalar å komme til Eidfjord utanom den travlaste sesongen, då har du meir tid og rom, fred og ro rundt deg.   Er de fleire kollegaer som treng jobbe saman i ein periode? Treng du større kontor eller storskjerm? Då er Eidfjord perfekt for det. Eidfjord har det tekniske utstyret og lokala. Lat oss setje saman eit programforslag inkludert inspirerande opplevingar og aktivitetar til deg!   Velkomen til ditt nye heimekontor.  Velkomen til Eidfjord – der aust møter vest! 

 

Pakke 1 – Dagpakke inkl. overnatting på hytte  Sjekk inn: Hytte med kjøkken, dusj/WC, inkludert ferdig oppredd seng, håndklær og sluttvask. Kontorplass dagtid med skrivebord og kontorstol, gratis trådlaust nett og skrivar.   Mat og drikke: Kaffe, te, vatn er tilgjengeleg i resepsjonen heile dagen. Frukost, lunsj og middag vert servert i restauranten, eller du kan innta måltida på ein av dei andre spisestadene i Eidfjord. Dersom du blir svolten under arbeidsøktene, snakk med resepsjonen. Spør oss om handlehjelp, så kan evt. mat/drikke ligge klart i kjøleskåpet når du kjem.   Pakke 2 – Dagpakke inkl. overnatting på hotell/pensjonat  Sjekk inn: Rom med skrivebord og kontorstol, gratis trådlaust nett og tilgang til skrivar.   Mat og drikke: Kaffe, te, vatn er tilgjengeleg i resepsjonen heile dagen. Frukost, lunsj og middag vert servert i restauranten, eller du kan innta måltida på ein av dei andre spisestadene i Eidfjord. Dersom du blir svolten under arbeidsøktene, snakk med resepsjonen.

Ta kontakt: 

Ta kontakt med bedriftene nedanfor for tilpassa tilbod/informasjon og bestilling, eller kontakt Visit Eidfjord tel. 53673400 e-post turistinfo@visiteidfjord.no

Kontorplass + overnatting + mat: 

Vøringfoss Hotel tel. 53674100 e-post voringfoss@fjordtindhotels.no 

Vik Pensjonat & Hytter tel. 53665162 e-post post@vikpensjonat.com

Halne Fjellstugu tel. 53665712 e-post post@halne.no  

Friminutt/lunsjaktivitet:  - Meld deg på ein spennande tur med Hardanger Fjordsafari tel. 91990932  - Ta ein rask gåtur rundt Hæreid eller Lægreid (kart på turistkontoret)  - Leig sykkel eller kano på turistkontoret og ta turen ein av badeplassane langs Simadalsvegen  - Besøk den lokale vikingutstillinga på Tunet på Haugen tel. 45061078 (kan kombinerast med lunsj i Grindaløo tel. 90276395)  - Besøk Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord - eit moderne natur- og kulturhistorisk opplevingssenter tel. 53674000 (kan kombinerast med lunsj i Hardangerviddahallen)  - Nyt frisk vinterluft med truger, kite eller ski på Hardangervidda  - Prøv fiskelykka i fjorden eller på Hardangervidda  - Få tips om mange fleire aktivitetar på turistkontoret...

Halvdagsaktivitet:  - Nyt utsikta ved Kjeåsen, gå den bratte stien eller køyr opp med bil  - Besøk spektakulære Vøringsfossen, gå rundturen med stianlegg og trappebru  - Nyt utsikta på fotturen Hjølmaberget-Viveli-Såtefjellet-Hjølmaberget (kart på turistkontoret)  - Bli med Hardanger Guideservice på fotosafari, guida gåtur eller trugetur tel. 45061078

- Ta med eigne, eller leig ski på Sysendalen Skisenter for ein tur i bakken tel. sysendalen.no - Bli med på ein tur i villreinens rike på Hardangervidda tel. 53665712 - Bli med på ein vårtur med ditt eige hundespann på Hardangervidda tel. 53665712 - Få tips om fleire aktivitetar på turistkontoret...

 

 

Kontakt

Adresse:
  • Ostangvegen 23
  • 5783 Eidfjord
Telefon:
53673400
E-post:
booking@visiteidfjord.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Vår
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Workation i Eidfjord?