Hopp til hovedinnhold

Hardangerfjorden er den nest lengste fjorden i Noreg, og med sine 178 kilometer er det storslagne syn og sjå langs fjorden året rundt. Dette gjer transportetappane gjennom Hardanger til eit eventyr i seg sjølv.

Hardangerregionen er lett tilgjengelig med fleire transportmiddel.

Korleis kome seg til destinasjonen

Flyplassar

Kjem ein flygande ligg Bergen Lufthavn Flesland ca. 1 time med bil frå Hardanger, medan Haugesund lufthavn ligg ca. 2 timar unna med bil.

Ein kan også fly til Oslo og ta tog eller bil til Hardanger dersom ein ynskjer det.

Bil

Ein kan kome seg til Hardanger via fleire ulike fartsårer.

Frå Bergen

  • Kvam: Fylkesveg 7 ca. 1 time
  • Ulvik: E16, 2 timar og 19 min
  • Ullensvang: Fylkesveg 7, 2 timar og 40 min
  • Eidfjord: E16, ca. 2 timar og 30 min
  • Kvinnherad: 2 timar og 30 min, via Fylkesveg 48

Frå Oslo

  • Kvam: ca. 6 timar (via Hardangervidda, riksveg 7)
  • Ulvik: 5 timar og 14 min (via Hardangervidda, riksveg 7)
  • Ullensvang: ca. 5 timar (via Haukeli, E134 eller Hardangervidda, riksveg 7)
  • Eidfjord: ca. 5 timar (via Hardangervidda, riksveg 7)
  • Kvinnherad: ca. 6 timar og 30 min (via Haukeli, E134)

Frå Haugesund

  • Kvam: 3 timar og 44 min (via E134)
  • Ulvik: 3 timar og 32 min (via E134)
  • Ullensvang: Ca. 2 timar (via E134)
  • Eidfjord: 3 timar og 35 min (via E134)
  • Kvinnherad: 2 timar og 33 min (via E39)

Frå Stavanger

  • Kvam: Ca. 5 timar (via E39 og E134)
  • Ulvik: Ca. 5 timar (via E39 og E134)
  • Ullensvang: 3 timar og 37 min (via E39 og E134)
  • Eidfjord: Ca. 5 timar (via E39 og E134)
  • Kvinnherad: Ca. 4 timar (via E39)

Frå Kristiansand

  • Kvam: 6 timar og 53 min (via Rv9)
  • Ulvik: 6 timar og 51 min (via Rv9)
  • Ullensvang: Ca. 6 timar (via Rv9)
  • Eidfjord: 6 timar og 53 min (via Rv9)
  • Kvinnherad: 6 timar og 26 min (via Rv9)

Buss

Haukeliekspressen som går frå Oslo over Haukeli gjer det enkelt å kome seg til Hardanger. Denne bussturen Oslo-Hardanger tar 6 timar og 50 min.

Dersom ein kjem med båt til Kristiansand (feks frå Nederland) kan ein også enkelt ta buss til Haukeli og deretter hoppe på Haukeliekspressen til Hardanger.

Tog

Mellom Oslo og Bergen går bergensbana, noko som gjer det enkelt å reise til Hardanger frå begge av Noregs to største byar. Denne togturen går heile året og er ei oppleving i seg sjølv då ruta går gjennom Hardangervidda Nasjonalpark. Går ein av enten i Bergen eller på Voss kan ein lett kome seg vidare til Hardanger med buss eller båt. Bergensbanen Oslo-Bergen til Voss.

Båt

Hardangerfjordekspressen Rødne går heile året mellom Bergen og Rosendal og har daglege avgangar frå Strandkaiterminalen midt i Bergen sentrum. Eit av stoppa på ruta er Flesland, noko som betyr at ein kan ta båten direkte frå Bergen Lufthavn Flesland dersom ein kjem med fly.

Ein kan også lett ta sjøvegen til Noreg og Hardanger med ein av båtane som går frå Danmark eller Tyskland. Her kan ein ta båten direkte til Bergen eller til Oslo og derifrå enten køyre eller ta buss.

Korleis kome seg rundt i Hardanger

Det fins fleire alternativer for å kome seg rundt når ein fyrst har satt beina i Hardanger.

Bil

Kjem ein med bil er det godt tilrettelagt med vegnett rundtom i regionen.

Buss

Rutebusselskapet Skyss tilbyr gode bussforbindelsar i heile regionen. Rutetider finn du her.

Båt - fjordcruise med Norled

Om sommaren kan ein ta sjøvegen gjennom heile Hardanger saman med Norled. Dette er ein daglig avgang i sommarsesongen med start i Norheimsund (Kvam) og endestopp i Eidfjord. På vegen går også båten innom Herand, Utne, Lofthus, Kinsarvik og Ulvik.

Ferger

Det er fleire stader ein kan krysse fjorden med ferge, som:

Kvinnherad

Kvam/Ullensvang

Ullensvang