Hopp til hovedinnhold

Du kan køyre frå fjordlandskap til kystlandskap på 2,5 time, med eit mangfald av opplevingar langs vegen.

Reiser du med bil har du full friheit og er herre over di eiga reise. Frå både Oslo og Trondheim kjem du deg til Nordfjord via Otta på riksveg 15 over Strynefjellet. På sommar halvåret kan du ta køyre den nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen ned til Stryn.

Bergen er også ein viktig innfallsport til Nordfjord. Frå Bergen kan du komme deg til Nordfjord via E39, eller ta sjøvegen med rutebåt.

Flyplassar i Nordfjord

Vi har fleire flyplassar i Nordfjord. Sandane lufthamn ligger i Nordfjord og har direkterute frå både Oslo og Bergen. Like utanfor Nordfjord ligg flyplassane Hovden og Florø lufthamn, som også er gode alternativ for å komme seg til regionen. Ålesund Lufthamn er den nærmaste internasjonale lufthamna og ligg ca 15 mil unna, og har direkte fly frå dei største byane i Norge, i tillegg til London, København, Amsterdam og mykje meir.

Utforsk regionen!

For å best mogleg utforske regionen, anbefala vi eigen bil eller leigebil. Det finns fleire alternativ på kor du kan leige bil i regionen. Kollektiv transport kan likevel være ein god måte å oppleve utvalde destinasjonar og tettstadar på. Regionen er godt tilpassa bubilturistar med campingplassar som ligg idyllisk og lett tilgjengeleg til. Dei siste åra har Nordfjord blitt ein populær sykkeldestinasjon, der Nordfjord er ein naturleg stopp på sykkelferien. Det er også fleire som velge å oppleve regionen på 2 hjul, og det finns fleire selskap som leige ut syklar.

Avstandar til Nordfjord

  • Oslo via Otta: ca 500 km
  • Oslo via Fagernes: ca 470 km
  • Bergen via Lavik: ca 250 km
  • Trondheim via Otta: ca 450 km
  • Ålesund: ca 150 km