Hopp til hovedinnhold

Frå Bergen og Oslo er det raskast og mest miljøvennleg å ta toget til Voss. Du kan også køyre bil eller ta ekspress- og rutebussar til Voss. Då kan du i tillegg til Bergen og Oslo koma deg til Voss frå Lillehammer, Sogndal, Flåm, Gudvangen, Odda og Ulvik. Flesland er nærmaste flyplass.

Reise til Voss

Med tog

  • Frå Bergen: 1 time og 10 minutt
  • Frå Oslo: 5 timar 25 minutt
  • Frå Flåm: 1 time 45 minutt

Med buss

Med bil

BERGEN-VOSS

  • Rute: E16; Arna, Dale
  • Kilometer: ca. 100 km
  • Tid: ca. 1 time 30 minutt

OSLO - VOSS

  • Rute 1: Rv 52 via Hemsedal; Gol - Borlaug: ca. 396 km - ca. 6 timar 30 minutt
  • Rute 2: Rv7: Hardangervidda: ca. 380 km - ca. 6 timar
  • Rute 3: Rv 50; Hol - Aurland: ca. 382 km - ca. 6 timar
  • Rute 4: E16; Filefjell: ca. 420 km - ca. 7 timar

På Voss

Dei fleste restaurantar, butikkar og mange av attraksjonane ligg i gangavstand til Voss sentrum. Skal du t.d. på skiferie i Voss Resort treng du ikkje bil. Voss Gondol går frå perrongen på togstasjonen og rett i skibakken. Til Myrkdalen går det eige skibuss som korresponderar med fleire tog. I sentrum finn du også 3 store hotell.

På sommarhalvåret kan du leige deg elsykkel frå VossaBike om du treng å komme deg rundt i nærleiken av sentrum. Har du bil eller elbil er det mange parkerings og lademoglegheiter i sentrum. I VossaPark kan du til dømes stå for NOK 50 per døgn.

Nokre plasser på Voss kan du også komme deg rundt med buss frå Skyss, eventuelt går Voss Taxi heile døgnet (kan bestillast i VY-appen).