Hopp til hovedinnhold

Jølstraholmen er ei familieeigd bedrift gjennom 3 generasjonar, heilt sidan 1962. I dag har Jølstraholmen over 120 sengeplassar fordelt på 28 forskjellige hytter, rom, lodger og suiter og grindasuiter langs elva Jølstra. I tillegg til overnatting har Jølstraholmen ein Campingplass der du kan bu i telt, bubil eller caravan.

Jølstraholmen Landskapshotell

I 2025 lanserte Jølstraholmen eit nytt konsept: Jølstraholmen Landskapshotell. I ei restaurert løe frå 1800-talet finn du eksklusive grindasuiter. Her har naturen fortsatt hovudrolla, men ramma rundt er heilt ny.

Hotellet består av ei unik miks av overnatting; dei berømte Elvasuitene med panoramautsikt over Jølstra, eksklusive suiter i den gamle løa, romslege lodger, deluxe-hytter og komfortable standardhytter.

I tillegg til overnatting tilbyr også Jølstraholmen ein restaurant med fokus på lokale smakar, bar med alle rettigheiter, moderne møterom for små og store samlingar, samt eit aktivitetsrom med shuffleboard, og brettspel.

Fasilitetar på Jølstraholmen

Jølstraholmen har, i tillegg til sitt nye konsept, badstue med tilhøyrande naturbasseng, stort uteområde med mykje aktivitetar, eigen restaurant, aktivitetsrom og kan tilby private timer både på yoga og saunaritual med badstuemester. Utleige av sykler, el-sykler, kajakk både enkel og dobbel, SUP brett og båtuleige på Jølstravatnet.

Eit bad med eit badekar i fokus. badet er innramma med trebjelker. det er eit vindauge ved siden av badekaret. ei stor lang vask ved siden av badekaret
© Jølstraholmen

#jolstraholmen

Jølstraholmen på Sosiale Media

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram