Her kan du bu i det heimekoselege Kvitanaustet med plass til åtte personar, nyte sommarkafé i Raudanaustet, eller arrangere større samlingar i det stilfulle selskapsteltet med plass til opp til 180 gjestar .
Olaskjeret er perfekt for både ferie, feiring og firmaturar. Vertskapet skreddarsyr opplevingar som guida fisketurar, RIB-safari, kajakkpadling og teambuilding i det som er eit eldorado for båtliv og fiske .
Sjølv om holmen gir kjensla av å vere sjarmerande utilgjengeleg, er det berre eitt minutt med båt frå fastlandet i Bakkasund, der du finn både daglegvarebutikk og museum .
Velkommen til Olaskjeret – der ro, historie og naturopplevingar ventar på deg!
Olaskjeret
Olaskjeret er ein sjarmerande liten holme i Bakkasundet på Storekalsøy i Austevoll kommune. Med moderne fasilitetar på historiske tuftene frå fiskeindustrien, tilbyr Olaskjeret ei unik ramme for overnatting, selskap og aktivitetar i den vakre vestnorske skjergarden
Kontakt
- Adresse:
- Bahus 27
- 5385 Bakkasund
- Telefon:
- +47 90 19 28 26
- E-post:
- post@olaskjeret.no
- Nettside:
- www.olaskjeret.no/