Opplev Fjord & Fjellruta med buss
Fjord og Fjellruta er ei ny sommarrute med buss som gjer det enklare å reise mellom fjord, fjell, bygder og opplevingar i Vang, Årdal, Lærdal og Aurland – utan behov for eigen bil.
Ruta bind saman nokre av dei mest innhaldsrike områda mellom Jotunheimen og Sognefjorden, og gjer det lettare å oppleve både natur og kultur på ein enkel og berekraftig måte. Med Fjord og Fjellruta kan du mellom anna reise til Utladalen, Kongevegen over Filefjell, Lærdalsøyri, Aurlandsfjellet, Aurland, Flåm og Gudvangen.
Bussen er tilpassa tilreisande som ønskjer å kome seg ut på tur etter frukost og returnere seinare på dagen. Ruta eignar seg derfor godt for dagsturar, vandringar, sykkelturar, rundreiser og transport mellom ulike overnattingsstader i regionen.
Fjord og Fjellruta kan også kombinerast med andre bussavgangar frå mellom anna Oslo, Bergen og Sogndal, noko som gjer det enklare å planleggje ei samanhengande reise gjennom fjord- og fjellandskapet med kollektivtransport.
Det er mogleg å ta med sykkel, hund og bagasje om bord, med atterhald om ledig kapasitet.
Sesong 2026: 1. juli – 31. august
Buss rute VY 820
Billettar bør bestillast på førehand via Vy. Bestill her

