Skip to main content

Ein eventyrleg musikal for heile familien

Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar for born frå fem år og oppover – for dette blir teatermoro for heile familien!

Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga lasta med songar og musikk av Julian Berntzen.

Med andre ord ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.

Framsyninga er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Den Nationale Scene. Produsert etter avtale med Songbird Agency og Gyldendal Group Agency København.

Source: Visit Bergen

Showings

December 16:
17:00
December 17:
17:00
December 18:
17:00
December 19:
17:00
December 20:
17:00
January 02, 2026:
17:00
January 03, 2026:
17:00
January 06, 2026:
17:00
January 07, 2026:
17:00
January 08, 2026:
17:00
January 09, 2026:
17:00
January 10, 2026:
17:00
January 13, 2026:
17:00
January 14, 2026:
17:00
January 15, 2026:
17:00
January 16, 2026:
17:00
January 17, 2026:
17:00
January 20, 2026:
17:00
January 21, 2026:
17:00
January 22, 2026:
17:00
January 23, 2026:
17:00
January 24, 2026:
17:00
January 27, 2026:
17:00
January 28, 2026:
17:00
January 29, 2026:
17:00
January 30, 2026:
17:00
January 31, 2026:
17:00

Contact

Address:
  • Øvre Ole Bulls Plass 6
  • 5012 Bergen
Phone:
Email:
Website:
dns.no/forestillinger/den-utrulege-historia-om-den-kjempestore-paera/

Where is Den utrulege historia om den kjempestore pæra