Selskapslokale for feiringar og arrangement
Hotellet tilbyr fleksible selskapslokale som passar perfekt til bryllaup, jubileum, firmafest eller familieselskap. Her kan du samle små eller store grupper, og nyte god mat, lokalt vertskap og storslått utsikt mot fjorden. Alt blir skreddarsydd etter dine ønskje – frå meny til dekor og detaljar.
Praktisk for selskap og arrangement:
- Lyse og trivelege selskapsrom for opptil 150 personar
- Utsikt over Geirangerfjorden
- Skreddarsydd matservering
- Hjelp til planlegging og gjennomføring
Kurs og konferanse ved Geirangerfjorden
Havila Hotel Geiranger ligg midt i hjartet av Geiranger og har alt du treng for vellykka kurs, møte eller konferanse – i spektakulære omgjevnader. Kombiner arbeidsdagar med ro og inspirasjon frå naturen rundt, og nyt panoramautsikt mot ein av verdas vakraste fjordar.
Praktisk for kurs og konferanse:
- Møterom med plass til opp til 120 deltakarar
- Moderne teknisk utstyr, prosjektor og lydanlegg
- Trådlaust internett og god ventilasjon
- Dagslys i alle rom
Opplev meir i Geiranger
Med Havila Hotel Geiranger som base kan du kombinere kurs eller feiring med naturopplevingar i eit av Noregs vakraste landskap. Oppdag fjorden med cruise, gå til Flydalsjuvet eller utforsk nærområdet – alt innan kort rekkevidde frå hotelldøra.