På Blaaflat er me opptekne av kvalitet og smak. Difor får frukta henge lenge på trea slik at dei får all den sola dei treng for å verte søte og saftige. All frukta vår er pakka for hand og vert levert direkte til deg som kunde. Velkommen til Blaaflat gard!

https://www.blaaflat.no/  Året er 1886. På Blaaflat i Lærdal vert hovudbygget på den vesle garden bygd om til hotell og skysstasjon i praktfull sveitsarstil. Hotellet vert populært for turistar, norske så vel som utan­landske, og livet på garden blomstrar. Gardbrukaren Knut Blaaflat bestemmer seg for å utvide gards­drifta og prøve lukka som eple­bonde, og på byrjinga av 1900-talet vert dei fyrste frukttrea planta. Epla blir ein suksess, og i 1907 mottek sonen hans, Henrik, deira fyrste diplom frå den nordiske hage­bruks­utstillinga i Kristiania for deira «samling æbler».

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Blaaflat
  • 6887
  • Lærdal
Telefon:
+47 958 32 715
E-post:
post@blaaflat.no
Nettside:
www.blaaflat.no

Hvor er Blaaflat Gardsutsal, Lærdal?