Bestill

Fjordcruise til Rosendal med besøk på Baroniet Rosendal!

Den 2 timars båtturen frå Bergen til Rosendal tek deg med på ei reise gjennom eit unikt kyst- og fjordlandskap, og ikkje minst Dronninga blant dei norske fjordane - Hardangerfjorden. Når båten kjem til Rosendal er det ein fin spasertur frå Rosendal kai til Baroniet Rosendal (1,5 km/ ca. 15-20 min. å gå) Har du spørsmål ligg turistinformasjonen/Folgefonna nasjonalparksenter på kaien der båten legg til. Der kan du få informasjon kart. 

Eit besøk på Baroniet Rosendal er ei vandring gjennom ulike stilepokar. Rom og salar er forma av ulike eigarar gjennom 250 år, og slottet er framleis bevart som ein heim - slik dei forrige eigarane forlot det i 1927. Ein kan vandre på eiga hand i Rosendal Have. Den over 60 mål store Victorianske landskapsparken består blant anna av den 300 år gamle renessansehagen med eit vell av roser og Kjøkken & Urtehagen med urter, blomar, grønnsaker, frukt og bær.

Lunsj i Rosendal Drivhus er inkludert i pakken i sommarsesongen.

Sjå rutetabell her. NB: stengt 17. mai og ope 20 mai.

Turen og kan utvidast med overnatting på Baroniet Rosendal Avlsgård & Fruehus. Båten går kvar dag heile året, så turen kan også gjennomførast om vinteren (då uten omvisning og lunsj i Baroniet Rosendal) Om vinteren anbefalast å gå i Baronihagen og Steinparken og så ta ein kaffikopp i ein av dei hyggjelege stadene i Skålagato.

Meir informasjon og billettar:

www.rodne.no 

www.baroniet.no

Turistinformasjonen i Bergen

Kontakt

Adresse:
  • 5486
  • Kvinnherad
Telefon:
+ 47 51 71 48 00
E-post:
mail@rodne.no
Nettside:
www.baroniet.no

Hvor er Dagstur frå Bergen til romantiske Rosendal?