Bestill

Stad:  Sunndal, Mauranger. Turkart: Folgefonna nasjonalpark. Start- og sluttpunkt: Bondhus. Parkering: Frå Sunndal gjennom Bondhusbygda 500 m til P-plass ved inngangen til Bondhusdalen. Skilt ved riksvegen. OBS: Parker slik at vegen er framkomeleg for traktor. Merking: Orienteringstavle ved P-plassen og ved vegdele 500 m før Bondhusvatnet. T - merka med vardar og skilt. Gradering: Svart. Krevjande, fem støvlar etter DNT-systemet. Høgdeskilnad: 60 – 1450 moh. Tidsbruk: 10 timar t/r. Gode råd: Veret skifter raskt i høgfjellet ved brea. Ta med klede for nedbør og kulde. Ei overnatting for å oppleva kveld og morgon her oppe kan anbefalast. Prisane finn du her: http://www.bergen-turlag.no/index.php?fo_id=2147 Turomtale:  Frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til vegdele 500 m før Bondhusvatnet. Herfrå på den restaurerte ridestien opp Hillerslia i 18 svingar til Gardshammarsetra, og vidare opp til bru ved Botnavatnet. Etter kvart på delvis bygd sti i ur og høgfjell til hytta Breidablikk, ubetent med fire senger. Ein knapp time herfrå til bresenteret Fonnabu, sjølvbetent med 27 senger. Dette er den mest nytta oppgangen til Folgefonna, med uvanleg stor opplevingsverdi "Frå fjord til fonn". Hyttene Breidablikk og Fonnabu er eigde av Bergen Turlag og vert drivne av Kvinnherad Turlag. Breføring over Folgefonna med breførar: For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit godt alternativ er ei vandring i berga mot brea. Her er mange flotte is- og fjellformasjonar. Nokre veker om sommaren er det breføring kvar dag mellom Fonnabu og Holmaskjerhytta på Oddasida. Breføring kan bookast direkte via bookingknappen på denne sida. Ein kan og booka heile turen med guide frå Sunndal opp til Fonnabu, så over brea til Holmaskjer(Odda).

Reservasjon mulig - Nokre veker om sommaren er det breføring kvar dag mellom Fonnabu og Holmaskjerhytta på Oddasida. Breføring kan bookast direkte via bookingknappen på denne sida. Ein kan og booka heile turen med guide frå Sunndal opp til Fonnabu, så over brea til Holmaskjer(Odda).

Varsel - Breføring over Folgefonna med breførar: For å gå inn på brea må ein ha naudsynt utstyr og erfaring, men eit godt alternativ er ei vandring i berga mot brea. Her er mange flotte is- og fjellformasjonar. Nokre veker om sommaren er det breføring kvar dag mellom Fonnabu og Holmaskjerhytta på Oddasida. Breføring kan bookast direkte via bookingknappen på denne sida. Ein kan og booka heile turen med guide frå Sunndal opp til Fonnabu, så over brea til Holmaskjer (Odda).

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no. 

Fra NOK 2490,00

Kontakt

Adresse:
  • Sundal
  • 5476
  • Kvinnherad
Telefon:
+ 47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Fonnabu "Turistvegen over Folgefonna"?