Øvrabøstølen er ein av vårstølane for Solvorn. Her er tufter og stølshus som vitnar om ein allsidig aktivitet. Her fanst det både sel, fjøs, løer og grisehus. Tidlegare vart stølsdrifta flytta til fjellstølane Brimskår og Fjellstølen utpå sommaren, men det er lenge sidan desse stølane var i bruk. I dag finst det lite spor att i landskapet etter desse fjellstølane.

Turskildring:

Turen frå Galden til Øvrabøstølen går langs god sti og skogsveg og tek om lag ein halv time. Stien til Brimskår svingar av frå Setålenstien og går i jamn stigning opp lia. Turen tek rundt to timar. Frå Brimskår går stien bratt til Nonhaug som er eit flott utsiktspunkt oppå fjellet. Nonhaug tyder der sola står ved "non" (kl. 17). Turen tek ca. ein time

For å kome til Fjellstølen føl ein stien langs….Turen tek ca ein halv time.

Kontakt

Adresse:
  • Galden
  • 6869
  • Luster
Telefon:
57671400
E-post:
info@sognefjord.no
Nettside:

Hvor er Galden- Øvrabøstølen - Brimskår - Nonhaug - Fjellstølen?